| Florø er ein vakker by, det er det ingen tvil om. Likevel finst mange skjemmande stader rundt om kring, som gir eit uryddig og sjuskete preg. Stader som ville kosta lite eller ingenting å gjere finare. Stader som for lite midlar ville heva totalinntrykket på byen. Denne sona ønsker å peike på byen sitt visuelle forbetringspotensiale, for å få rydda opp der det trengs Barnehage ved Lillevatnet?Stygt og fint i Florø stillar seg undrande til om området som vert frigjort bak Lillevatnet skal nytjast til å byggje barnehage. Debatten på Kystpuls bærer også preg av at folk ikkje syns om dette forslaget. Der er eintydig semje om at området blir friluftsområde. Dårleg opplyst gangfeltVi sluttar oss til, og ber kommunen setje lys på gangfeltet. Vegen opp BotnaholtenSkomakergata - Hans Blom gateReklameveggen i SkudalenDette støyvernet mot Nepjarhaugen barnehage er eit ganske forseggjort og imponerande plankegjerde. I de seinere åra har den blitt brukt som plakatvegg for byens mange arrangementer. Vi syns dette i utgangspunktet er ganske stygt, og meiner kommunen burde stoppe dette.
Som alternativ burde kommunen forlange av arrangørar som benytter veggen til reklame, at de rydder opp etter seg og fjerner plakatane ved endt arrangement. (det er relativt enkelt å sjå på plakatane kven som ikkje ryddar.) Sjå bilete under. Slik har det sett ut dei siste vekene rundt dette gjerdet. Døm sjølv.
Stolperest ved MisjonsheimenHer utanfor Bennett står ein rest av ein lyktestolpe. Stolpen står i gatelekamen, der som bilar skal parkere. Han står der det ein gong var tenkt fortau, men då Misjonsheimen bygde på 80-talet vart bygninga trukke inn frå gata og stolpen vart ståande igjen i gata.
No har sikkert fleire rygga på den, og for nokre år sida såg eg at berre ein stubbe sto igjen av han. Kvifor blir ikkje denne fjerna? Eg utfordrar kommunen til ordne denne til Byjubileet. Firdavegen, uferdig etter graving i 2004Firdaveien blei under eit omfattande arbeid i 2004 gravd opp av Telenor. Dei tok seg ikkje umaken med å bygge nye fortauskantar alle stader, men asfalterte berre over. Her går ikkje kritikken aleine til Telenor, men også til dei i kommunen som burde følge opp og stille krav. I nokre tilfeller ser det ut som avkjørsler, som her
Stadionvegen, -trang, bratt og farlig.Her passerer 250 ungdommar to gongar dagleg, til og frå skulen. I tillegg går nesten alle fotgjengarar som skal til og frå Havreneset denne vegen kvar dag. Her går tungtransport og bussar, alltid samstundes med folk.
Kvifor gjerast det ikkje noko med denne vegen? Det seiast at Lindheimvegen skal fortsette vestover og komme opp i eit kryss sør for Florahallen. Men det har dei sagt i 30 år.
Skeivt i HotellkryssetDette gatelyset har stått skeivt i Hotellkrysset iallefall sidan våren 2006. Ingen ser ut til å ville rette det opp att. Kven er det sitt ansvar? Vi foreslår at det blir retta opp til byjubileet
Slik kan det gjerast. Dette skiltet vart køyrd skeivt ein gong i 2009. No er det retta opp att. Skryt frå oss.
Stygt og fint i Florø
Følges av 60 medlemmer.
Denne sona er oppretta med det formål å gjere Florø venere. Sona vil være eit forum for å setje søkelys på ting som det offentlege burde ta fatt i, ting som kan betre Florø estetisk og gjere byen vakrare. Ting som har vore stygt så lenge at ingen lenger merkar at det er stygt. Her kan ein komme med idear og kritikk som gjeld Florø sin utsjånad. Vi ønsker ikkje debattar om smak og behag, kva hus som er fine og ikkje fine, men prioriterer saker som forsømt vedlikehald, og saker som er enkle, gratis eller billige å fikse opp i. Sona skal ikkje formidle kritikk av enkeltpersonar, men være ein påminningssentral når arbeid på fellesareal ikkje er fullført, når hol ikkje er fylt igjen, når asfalt manglar, når skilt eller stolpar står skeive eller når folk utsettast for unødvendige farer og situasjonar i trafikk og i dagleglivet ellers. Du må søke for å bli medlem her. Vi er steinharde på at personangrep og ufint språk ikkje skal forekomme, og berre folk som står fram med sitt fulle namn får være med. Vi ønsker heller ikkje at politiske parti skal fremme saker, eller gjere forsøk på å høste politiske poeng her inne. Mer om sonen Stygt og fint i Florø er en sone på Origo. Les mer Annonse | ||